Etne KFUK-KFUM-speidarar

Fra Speiderhistorisk leksikon
(Omdirigert fra Etne (KFUK-KFUM))
Hopp til:navigasjon, søk
Etne KFUK-KFUM-speidarar
tidl. Etne 1 KFUK og 3. Etne KFUM-speidere
Etne merke.jpg
Stiftet: 15. oktober 2003
Krets: Haugaland krets
Forbund: Norges KFUK-KFUM-speidere
Kommune: [1] Vindafjord kommunevåpen.png Vindafjord og Etne kommunevåpen.png Etne
Fylke: [1] Rogaland fylkesvåpen.png Rogaland og Vestland fylkesvåpen.png Vestland
Dette er en aktiv speidergruppe. [2]

Område

Etne KFUK-KFUM-speidarar dekkjer Etne i Etne kommune, Vestland fylke. Til 1. januar 2020 i Hordaland fylke. Skånevik har eiga speidergruppe tilknytta NSF. Frå 2010 har Etne KFUK-KFUM-Speidarar også hatt medlemmer og leiarar frå Ølen i Vindafjord kommune.

Speidergruppa i dag

Glimt fra historien

Etne KFUK-KFUM-speidarar oppstod 15. oktober 2003 ved samanslåing av Norges KFUK-speidere og Norges KFUM-speidere på landsplan.

Jentespeidarane i Etne 1 (KFUK) og gutespeidarane i 3. Etne (KFUM) samarbeida tett før dette, formalisert i januar 1999.

3. Etne (KFUM) er samanslåing ca 1993 av 1. Etne (KFUM) (var på det tidspunkt passiv) og 2. Etne (KFUM) (skipa i 1969).

1. Etne (KFUM) og Etne 1 (KFUK) vart skipa i oktober 1964, så samla sett rekner vi speidararbeidet i Etne tilbake til då.

Men alt i 1930 hadde Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund) ein kretsleir i Etne. Under overskrifta "Landsspeidarleiren i Etne 1930" er det to bilde frå leiren i boka "Attersyn - Fotobok 1", Etne bygdeboknemnd, 2005, s. 122 og 123. Eit bilde er av speidartroppen i Etne, så det har vore aktivt speidararbeid i Etne på den tida.

Speidargruppa har (pr. 2010) oppdagarar frå 3.-4. klasse og vandrarar frå 5. klasse, med andre ord ei viss justering av aldersinndelinga til forbundet.

Speidargruppa har kano og kanoaktivitetar som særmerke. Gruppa disponerer 5 U-BI-LA TT 505 glasfiberkanoar (kjøpt til 1. Etne KFUM på 70-talet) på ein tilhengar og 7 Old Town 174 frå 2011 og ein cooleman på ein annan. Padleårer "Scout" og "Voyager" frå Grey Owl.

Frå hausten 2010 har vandrarane hatt forsøk med laurdagsmøte. Etter at ein "i alle år" hadde hatt møte 1,5 timar annakvar veke, vart det bestemt å ha fire timars møte ein laurdag i månaden, noko som ser ut til å fungere særs godt.

Gruppa sitt 50-årsjubileum vart markert 19. oktober 2014, med jubileumsgudsteneste i Etne Kykrje, kyrkjekaffi og festmiddag. Under festmiddagen vart Jens Tveit, som starta speidargruppa i 1964, heidra. Til jubileet gav gruppa ut boka "Under open himmel. Frå lammelår i kokegrop til padletur på stille vatn". Forfatterar: Atle Aas, Ingunn Frette, Johanne Eskeland og Kristin Straumstein. Kapabel forlag. Boka presenterer aktivitetar og mat på bål og stormkjøken, og åtte speidarmøte og ein tur, basert på Etnespeidarane si laurdagsspeiding (fire timar lange speidarmøte ein laurdag i månaden) siste fire åra. Under jubileet vart også gruppa sin nye utstyrstilhengar, ein skaphengar med sidedører der patruljene har sine kasser som skap bak sidedørene og med kjøkenbenk med propan bak, formelt opna. Tilhengaren har plass til utstyr til seks patruljar.

Ledere

Årstall i parantes er tidligst og seneste årstall vi kjenne til vedkommende har hatt lederfunksjonen.

Troppsledere gjennom tidene Årstall / periode Referanser
[[]] [[]] – [[]]
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [1]
Gruppeledere gjennom tidene Årstall / periode Referanser
Atle Aas 2003 - 2010
Marta Onstein 2010 - i dag
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [2]

Sommerleirar og turer

Årstall Sommerleirar og turer Sted / kommune Antall deltakere Referanser
2018 Landsleir Futura (Norges KFUK-KFUM-speidere) Stjørdal kommunevåpen.png Stjørdal [3]
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [3]

Speiderhus, -hytter og møtesteder

  • Etne KFUK-KFUM-speidarar har base på Rygg bedehus, på Rygg i Etne.

Hytte-spesialistmerke-Merkeboka 1986-KFUM.jpg Speiderhus, -hytter og -leirsteder

Utklipp og minner

Om Vestland

Les mer om speidingen i Vestland fylke Vestland fylkesvåpen.png

Om Norges KFUK-KFUM-speidere i Vestland

KM-speidernelogouten tekst.jpg Norges KFUK-KFUM-speidere i Vestland fylke

Om Norges KFUK-KFUM-speidere

KM-speidernelogouten tekst.jpg Norges KFUK-KFUM-speidere

Om Hordaland

Les mer om speidingen i tidligere Hordaland fylke Hordaland Fylkeskommune-1.png

Om Norges KFUK-KFUM-speidere i Hordaland

KM-speidernelogouten tekst.jpg Norges KFUK-KFUM-speidere i tidl. Hordaland fylke

Om Norges KFUM-speidere i Hordaland

Norges KFUM-speidere.png Norges KFUM-Speidere i tidl. Hordaland fylke

Om Norges KFUM-speidere

Norges KFUM-speidere.png Norges KFUM-Speidere

Om Norges KFUK-speidere i Hordaland

KFUKlogo.jpg Norges KFUK-Speidere i tidl. Hordaland fylke

Om Norges KFUK-speidere

KFUKlogo.jpg Norges KFUK-Speidere

Eksterne lenker

Etne KFUK-KFUM-Speidarar

Referanser

  1. 1,0 1,1 Her er det tatt utgangspunkt i dagens oppdeling av fylker og kommuner og lagt til evnt. tidl. benevnelser for disse. Hvis det ikke er opprettet en egen artikkelside for disse, vil denne bli søkbar og kategorisert etter dagens oppdeling.
  2. Merk! Dette er kun en utarbeidet oversikt over de opplysninger og artikler
    som er lagt ut i Speiderhistorisk leksikon, her er det behov for lokal kunnskap!
  3. Oppl. fra leirens prosjektkoordinator Øyvind Øygarden, K/M, 2018.