Forskjell mellom versjoner av «1. Førde»

Fra Speiderhistorisk leksikon
Hopp til:navigasjon, søk
m (1960–1978:)
m
Linje 13: Linje 13:
  
 
'''1. Førde speidargruppe av Norsk Speidergutt-Forbund''' var ei speidargruppe som heldt til i Førde i Sogn og Fjordane. Ho vart stifta av sorenskrivarkontorist Anders Lassesen Berge [[23. april]] [[1925]]. Ein gong etter 1978 vart ho slått saman med jentene i [[Førde 1 (NSPF)|Førde 1 av Norsk Speiderpikeforbund]], til [[Førde (NSF)|Førde speidargruppe av Norges speiderforbund]].
 
'''1. Førde speidargruppe av Norsk Speidergutt-Forbund''' var ei speidargruppe som heldt til i Førde i Sogn og Fjordane. Ho vart stifta av sorenskrivarkontorist Anders Lassesen Berge [[23. april]] [[1925]]. Ein gong etter 1978 vart ho slått saman med jentene i [[Førde 1 (NSPF)|Førde 1 av Norsk Speiderpikeforbund]], til [[Førde (NSF)|Førde speidargruppe av Norges speiderforbund]].
 
== Område ==
 
<!--Skriv inn området gruppen spenner over. Bygd/bydel og fylke.-->
 
Førde i Sogn og Fjordane.
 
  
 
== Historie ==
 
== Historie ==

Revisjonen fra 28. des. 2011 kl. 21:30

1. Førde speidargruppe
Stiftet: 23. april 1925
Lagt ned: Vidareførd i Førde speidargruppe av NSF
Krets: Bergen krets av NSGF
Forbund: Norsk Speidergutt-Forbund
Kommune: [1] Førde kommune
Fylke: [1] Sogn og Fjordane

1. Førde speidargruppe av Norsk Speidergutt-Forbund var ei speidargruppe som heldt til i Førde i Sogn og Fjordane. Ho vart stifta av sorenskrivarkontorist Anders Lassesen Berge 23. april 1925. Ein gong etter 1978 vart ho slått saman med jentene i Førde 1 av Norsk Speiderpikeforbund, til Førde speidargruppe av Norges speiderforbund.

Historie

Melding om nystarta 1. Førde i Speideren nr. 7, 1925.
Utklipp frå Speideren nr. 5, 1927.

1925–1940: Oppstarten og mellomkrigsåra

I Førde var nok speidarsaka kjend før skipingsåret 1925. Kor mange som kjende til henne, og om saka fekk innverknad på anna ungdomsarbeid i bygda (som Førde den gongen var), har ein ikkje full kjennskap til. Ungdomsskulelærar Harald Slettemark kjende i all fall godt til speidarrørsla på eit tidleg tidspunkt.

Mannen som skipa speidartropp i Førde var sorenskrivarkontorist Anders Lassesen Berge. Han hadde truleg studert saka på nært hald i Bergen. 23. april 1925, på St. Georgsdagen, skipa han 1. Førde speidertropp, som hadde sitt fyrste møte onsdag 29. april 1925, kl. 19.30. Med ein fast organisasjon vart det fart i arbeidet. Impulsar frå Bergen krets og Norsk Speidergutt-Forbund gav full kjennskap til saka. Troppen fekk det utstyret som skulle til, og på kort tid falda speidarrørsla seg ut i Førde.

Ved starten i 1925 var det 32 speidarar i troppen. Dei var fordelte på fire patruljar: «Bever», «Ulv», «Elg» og «Hauk». Talet på patruljer varierte gjennom åra, ei tid var det berre tre, men seinare steig det til fem. Namna på patruljane varierte òg. Dei fleste gutane som var med, var frå Førde sentrum, men det var òg nokre med frå Vie, Bruland, Hornnes, Halbrend, Steinen og Mo jordbruksskule. I 1934 vart det skipa to patruljar i grenda ved Sunnfjord ungdomsskule på Solvang. Det var Odd Nesje som gjorde opptaket. Han og Bodvar Nesje leidde kvar sin patrulje. Då dei to Nesje-brørne reiste ut i 1939, vart partuljane slått saman til éi, med Oddvin Indrebø som patruljeførar.

Anders L. Berge dreiv speidararbeidet til han vart lensmann i Florø og Kinn i 1928. Då tok Christian Hope, som var snikkar, over. Han var troppsleiar fram til 1930. I åra 1930–1932 hadde troppen ingen leiar, iallfall ikkje offisielt. Hope hadde slutta, og det var vanskeleg å finne ein ny. Ungdomsskulelærar Harald Slettemark vart då oppmoda (truleg av Bergen krets) til å bli troppsleiar. Han byrja i 1932 og stod skriven som leiar heilt til 1940.

Otto Kristiansen, seinare politimann, tok til som troppsassistent i den tida Christian Hope var leiar. Han var assistent fram til 1938, då han reiste frå Førde. Etter dette var det vanskeleg ei tid. Helge Bydal, som var heime i Førde ei kort tid nett då, og Arne Kristiansen gjekk i brodden og fekk fart i arbeidet att. Sistnemnde, som var lensmannbetjent, vart troppsassistent etter Otto Kristiansen. Han var skriven som asssistent frå 1939 til krigen starta.

1940–1945: Speiding under krigen

Då krigen kom i 1940, vart troppsarbeidet lagt ned. Året etter løyste tyskarane opp speidarrørsla i Noreg. Det var såleis strengt forbode å drive speidararbeid så lenge krigen varte. To av patruljane i Førde heldt likevel fram arbeidet i det stille. Det var «Hauk» og «Svale». Leon Slåtten var patruljeførar for «Hauk» og Johan Kristiansen for «Svale». Johan Kristiansen (bror til Arne Kristiansen og fetter til Otto Kristiansen) var den av dei som heldt ut lengst. Kontakten med krets og forbund var broten, og patruljen arbeidde heilt på eiga hand.

1945–1960: Ny giv

1960–1978: Nye einingar og tida fram mot samanslåinga

Deltakarane frå 1. Førde under kretsleiren på Valøy i 1978. Biletet er henta frå minneheftet til leiren.

Leirar ein veit gruppa har vore med på

  • 1926: Kretsleir Førde
  • 1928: Landsleir Åndalsnes
  • 1930: Kretsleir Lærdal
  • 1932: Landsleir Mandal
  • 1936: Landsleir Jeløy
  • 1937: Avdelingsleir Førde (Fjordane avdeling av Norsk Speidergutt-Forbund)
  • 1948: Landsleir Mandal
  • 1952: Landsleir Verdal
  • 1964: Landsleir Bodø
  • 1966: Kretsleir Øystese
  • 1968: Landsleir Lillehammer
  • 1970: Kretsleir Førde
  • 1972: Landsleir Røros
  • 1974: Kretsleir Voss
  • 1978: Kretsleir Valøy

Leiarar

Troppsførarar/troppsleiarar i 1. Førde

Frå starten av var namnet på den som leidde troppen, «troppsførar».

Gruppeleiarar i 1. Førde

Litteratur

  • Bydal, Helge; Indrebø, Oddvin og Øen, Albert: Speidargutane i Førde gjennom 50 år: 1925–1975 (Førde: Øens Prent, 1975).
  • 1,0 1,1 Her er det tatt utgangspunkt i dagens oppdeling av fylker og kommuner og lagt til evnt. tidl. benevnelser for disse. Hvis det ikke er opprettet en egen artikkelside for disse, vil denne bli søkbar og kategorisert etter dagens oppdeling.