1. Førde

Fra Speiderhistorisk leksikon
Revisjon per 29. des. 2011 kl. 00:30 av Eirikub (diskusjon | bidrag)
Hopp til:navigasjon, søk
1. Førde speidargruppe
Stiftet: 23. april 1925
Lagt ned: Vidareførd i Førde speidargruppe av NSF
Krets: Bergen krets av NSGF
Forbund: Norsk Speidergutt-Forbund
Kommune: [1] Førde kommune
Fylke: [1] Sogn og Fjordane

1. Førde speidargruppe av Norsk Speidergutt-Forbund var ei speidargruppe som heldt til i Førde i Sogn og Fjordane. Ho vart stifta av sorenskrivarkontorist Anders Lassesen Berge 23. april 1925. Ein gong etter 1978 vart ho slått saman med jentene i Førde 1 av Norsk Speiderpikeforbund, til Førde speidargruppe av Norges speiderforbund.

Historie

Melding om nystarta 1. Førde i Speideren nr. 7, 1925.

1925–1940: Oppstarten og mellomkrigsåra

I Førde var nok speidarsaka kjend før skipingsåret 1925. Kor mange som kjende til henne, og om saka fekk innverknad på anna ungdomsarbeid i bygda (som Førde den gongen var), har ein ikkje full kjennskap til. Ungdomsskulelærar Harald Slettemark kjende i all fall godt til speidarrørsla på eit tidleg tidspunkt.

Utklipp frå Speideren nr. 5, 1927.

Mannen som skipa speidartropp i Førde var sorenskrivarkontorist Anders Lassesen Berge. Han hadde truleg studert saka på nært hald i Bergen. 23. april 1925, på St. Georgsdagen, skipa han 1. Førde speidertropp, som hadde sitt fyrste møte onsdag 29. april 1925, kl. 19.30. Med ein fast organisasjon vart det fart i arbeidet. Impulsar frå Bergen krets og Norsk Speidergutt-Forbund gav full kjennskap til saka. Troppen fekk det utstyret som skulle til, og på kort tid falda speidarrørsla seg ut i Førde.

Ved starten i 1925 var det 32 speidarar i troppen. Dei var fordelte på fire patruljar: «Bever», «Ulv», «Elg» og «Hauk». Talet på patruljar varierte gjennom åra, ei tid var det berre tre, men seinare steig det til fem. Namna på patruljane varierte òg. Dei fleste gutane som var med, var frå Førde sentrum, men det var òg nokre med frå Vie, Bruland, Hornnes, Halbrend, Steinen og Mo jordbruksskule. I 1934 vart det skipa to patruljar i grenda ved Sunnfjord ungdomsskule på Solvang. Det var Odd Nesje som gjorde opptaket. Han og Bodvar Nesje leidde kvar sin patrulje. Då dei to Nesje-brørne reiste ut i 1939, vart partuljane slått saman til éi, med Oddvin Indrebø som patruljeførar.

Anders L. Berge dreiv speidararbeidet til han vart lensmann i Florø og Kinn i 1928. Då tok Christian Hope, som var snikkar, over. Han var troppsleiar fram til 1930. I åra 1930–1932 hadde troppen ingen leiar, iallfall ikkje offisielt. Hope hadde slutta, og det var vanskeleg å finne ein ny. Ungdomsskulelærar Harald Slettemark vart då oppmoda (truleg av Bergen krets) til å bli troppsleiar. Han byrja i 1932 og stod skriven som leiar heilt til 1940.

Otto Kristiansen, seinare politimann, tok til som troppsassistent i den tida Christian Hope var leiar. Han var assistent fram til 1938, då han reiste frå Førde. Etter dette var det vanskeleg ei tid. Helge Bydal, som var heime i Førde ei kort tid nett då, og Arne Kristiansen gjekk i brodden og fekk fart i arbeidet att. Sistnemnde, som var lensmannbetjent, vart troppsassistent etter Otto Kristiansen. Han var skriven som assistent frå 1939 til krigen starta. Då vart han innkalla til militærteneste, og han deltok i krigen.

1940–1945: Speiding under krigen

Då krigen kom i 1940, vart troppsarbeidet lagt ned. Året etter løyste tyskarane opp speidarrørsla i Noreg. Det var såleis strengt forbode å drive speidararbeid så lenge krigen varte. To av patruljane i Førde heldt likevel fram arbeidet i det stille. Det var «Hauk» og «Svale».

Leon Slåtten var patruljeførar for «Hauk» og Johan Kristiansen for «Svale». Johan Kristiansen (bror til Arne Kristiansen og fetter til Otto Kristiansen) var den av dei som heldt ut lengst, til 1942, då Johan Kristiansen reiste frå Førde. Med det var det slutt på alt speidararbeid i Førde så lenge krigen varte. Fram til då hadde kontakten med krets og forbund vore broten, og patruljen hadde arbeidd heilt på eiga hand.

1945–1960: Ny giv, men vanskeleg med kontinuitet

8. mai var okkupasjonen slutt. Den tyske krigsmakta drog sørover og lét etter seg eit utarma land. Nordmenn som sat i tysk fangenskap kom heim. Fleire tidlegare Førde-speidarar var mellom dei. Utover våren og sommaren livna det i ungdomsorganisasjonane etter dei mørklagde åra. Norsk Speidergutt-Forbund kom i funksjon att 10. mai det året. Det tok likevel tid før sambandet med kretsane og troppane kom i stand. På denne tida hadde også Johan Kristiansen kome tilbake til Førde. På oppmoding frå 25 gutar sette han seg i spissen for å atterreise 1. Førde speidartropp. Han fekk med seg dei tidlegare patruljekameratane Rolf Thingvold, Alf Reikvam og Svein Grøntoft frå tida i «Svale». Magne Hjelle hjelpte òg til. Troppen vart meld inn i forbundet med Johan Kristiansen som troppsførar og Rolf Thingvold som troppsassistent.

Speidarutstyr frå før krigen var det lite att av. For å skape eit startgrunnlag arrangerte troppen ei tilstelling av dei sjeldne på den tida. Til inntekt for speidarane stilte lærarane og handelsmennene opp til fotballkamp på Kronborg. Førde Hornmusikk spela frå sentrum til idrettsplassen. Det var stor stemning og mykje folk som såg på. Mange pengar kom inn. Samstundes var det fotballkamp mellom Florø-speidarane og Førde-speidarane.

Troppen arbeidde godt i åra framover. Alt vart atterreist og ført vidare fram. Leiarspørsmålet som alltid har vore eit problem i speidarrørsla, melde seg etter ei tid. Johan Kristiansen og Rolf Thingvold drog frå bygda på skular i 1948. Ingen kunne ta over. Men Johan Kristiansen «fjernstyrde» troppen heilt til 1952. I tida 1948–1950 dreiv han i sommarferien og juleferien. Frå 1950 skreiv han brev og informerte og inspirerte patruljane. Det var nok til å halde arbeidet i gang. I 1952 vart det slutt på grunn av leiarmangel. I tida 1953–1956 var alt speidarliv i Førde døydd ut.

Om våren i 1957 gjekk Leon Slåtten i brodden og fekk patruljane i gang att. Johan Betten vart troppsassistent. Leon Slåtten stod som leiar fram til 1960. Han budde ikkje fast i Førde heile tida. Leiinga vart difor avbroten med mellomrom. Men han inspirerte ein ny speidargenerasjon. Fleire av dei kom til å spele ei viktig rolle i troppen frå 1960 og heilt fram til jubileumsåret 1975. Leon Slåtten døydde i 1960, berre 37 år gammal.

1960–1978: Nye einingar og åra fram mot samanslåinga

Deltakarane frå 1. Førde under kretsleiren på Valøy i 1978. Biletet er henta frå minneheftet til leiren.

Leirar ein veit gruppa har vore med på

  • 1926: Kretsleir Førde
  • 1928: Landsleir Åndalsnes
  • 1930: Kretsleir Lærdal
  • 1932: Landsleir Mandal
  • 1936: Landsleir Jeløy
  • 1937: Avdelingsleir Førde (Fjordane avdeling av Norsk Speidergutt-Forbund)
  • 1948: Landsleir Mandal
  • 1952: Landsleir Verdal
  • 1964: Landsleir Bodø
  • 1966: Kretsleir Øystese
  • 1968: Landsleir Lillehammer
  • 1970: Kretsleir Førde
  • 1972: Landsleir Røros
  • 1974: Kretsleir Voss
  • 1978: Kretsleir Valøy

Leiarar

Troppsførarar/troppsleiarar i 1. Førde

Frå starten av var namnet på den som leidde troppen, «troppsførar».

Gruppeleiarar i 1. Førde

Litteratur

Denne artikkelen brukar for ein stor del redigert tekst frå:

  • Bydal, Helge; Indrebø, Oddvin og Øen, Albert: Speidargutane i Førde gjennom 50 år: 1925–1975 (Førde: Øens Prent, 1975).
  • 1,0 1,1 Her er det tatt utgangspunkt i dagens oppdeling av fylker og kommuner og lagt til evnt. tidl. benevnelser for disse. Hvis det ikke er opprettet en egen artikkelside for disse, vil denne bli søkbar og kategorisert etter dagens oppdeling.