Forskjell mellom versjoner av «1. Leirvik»

Fra Speiderhistorisk leksikon
Hopp til:navigasjon, søk
(1925–1941)
Linje 47: Linje 47:
 
=== 1925–1941 ===
 
=== 1925–1941 ===
  
[[Carsten Andresen]] var mannen som fekk 1. Leirvik i aktivitet igjen. Han var godt kjend med speidarrørsla frå før. Sidan Norsk Speidergutt-Forbund vart stifta hadde han vore assisterande troppsleiar under [[Hans Møller Gasmann]] i [[2. Oslo]] tropp. Andresen var tilsett som ingeniør ved Stordø Kisgruber.<ref>Jubileumsskriftet 1913–1938.</ref>
+
[[Carsten Andresen]] var mannen som fekk 1. Leirvik i aktivitet igjen. Han var godt kjend med speidarrørsla frå før. Sidan Norsk Speidergutt-Forbund vart stifta hadde han vore assisterande troppsleiar under [[Hans Møller Gasmann]] i [[2. Oslo]] tropp. Andresen var ingeniør ved Stordø Kisgruber.<ref>Jubileumsskriftet 1913–1938.</ref>
  
 
Troppssoga nemner spesielt eit «alle tiders speidermarked» [[4. desember|4.]]–[[6. desember]] [[1925]]. Speidarar med tromme, horn, og svære plakatar gjekk i reklametog om ettermiddagen, og folk strøymde til. Det var utlodding, kveldstrekning, lykkehjul, amerikansk lotteri, tombola, skytebane, matservering og sal av «''[[Speideren]]s Julenummer''». Vidare var det musikk, film, opplesing, tablå og boksekamp. Nettogevinsten vart på 480 kroner, mange pengar den gongen, og den vart seinare troppens økonomiske fundament.
 
Troppssoga nemner spesielt eit «alle tiders speidermarked» [[4. desember|4.]]–[[6. desember]] [[1925]]. Speidarar med tromme, horn, og svære plakatar gjekk i reklametog om ettermiddagen, og folk strøymde til. Det var utlodding, kveldstrekning, lykkehjul, amerikansk lotteri, tombola, skytebane, matservering og sal av «''[[Speideren]]s Julenummer''». Vidare var det musikk, film, opplesing, tablå og boksekamp. Nettogevinsten vart på 480 kroner, mange pengar den gongen, og den vart seinare troppens økonomiske fundament.
  
 
Andresen var troppsleiar i mange aktive år. På årsfesten i [[1933]], 20-årsjubileet for troppen, fekk han overrekt heidersteiknet [[Den hvite lilje|Svastikakorset]] av troppens gamle leiar og dåverande kretssjef Fredrik Rieber-Mohn.<ref>Jubileumsskriftet 1913–1938.</ref>
 
Andresen var troppsleiar i mange aktive år. På årsfesten i [[1933]], 20-årsjubileet for troppen, fekk han overrekt heidersteiknet [[Den hvite lilje|Svastikakorset]] av troppens gamle leiar og dåverande kretssjef Fredrik Rieber-Mohn.<ref>Jubileumsskriftet 1913–1938.</ref>
 +
 +
I [[1939]] fekk troppsleiar Andresen i gang to patruljar på Litlabø.
  
 
[[11. september]] [[1941]] [[Speidingen blir forbudt i 1941|vart speidarrørsla forboden]] av den tyske rikskommisæren i Noreg, og også på Stord stoppa speidararbeidet opp. Carsten Andresen skriv:
 
[[11. september]] [[1941]] [[Speidingen blir forbudt i 1941|vart speidarrørsla forboden]] av den tyske rikskommisæren i Noreg, og også på Stord stoppa speidararbeidet opp. Carsten Andresen skriv:

Revisjonen fra 13. feb. 2013 kl. 17:35

1. Leirvik
Gruppemerke 1 Leirvik 157x100.png
Stiftet: 15. februar 1913 (111 år)
Krets: Ryvarden krets
Forbund: Norges speiderforbund
Kommune: [1] Stord
Fylke: [1] Hordaland

Område

1. Leirvik er i dag einaste NSF-speidargruppa i Stord kommune i Hordaland. Gruppa tek inn medlemmer frå alle skulekretsane i kommunen.

Speidargruppa i dag

1. Leirvik har i jubileumsåret 2013 rundt 60 medlemmer – småspeidarar, stifinnarar, vandrarar, roverar og leiarar. Møta vert haldne på Naustet i Naustvågen, der tilhøva er gode for utespeiding.

For oppdatert informasjon, sjå heimesida til 1. Leirvik.

Merke 1leirvik100.png
Utklipp fra Speideren nr 3, 1913.

Historie

1. Leirvik tropp 17. mai 1914.
Øvst frå venstre: Sverre Sørensen, Torvald Valaker, Søren Hagerup, Martin Tesdal, Kristoffer Kjellesvik, Henry Ås, Otto Gulliksen, Sigurd Føyen, Eivind Nitter, Einar Dahl, Erling Helland, Rolf Gulliksen, Trygve Hagerup, Leif Gulliksen, Henry Vestvik, Ingolf Tingvold, troppsførar Ole Olsen, Gerhard Kannelønning, Trygve Thorbjørnsen, Ingolf Larsen, Gabriel Helland, Einar Ås, Rolf Dahl, Harald Thorsen, Nils Grønning, Sverre Kannelønning, Sjumann Folgerø, Birger H. Andersen.

Før 1913

Ein gutegjeng på Leirvik starta som speidarar alt i 1911, inspirert av boka Ørnepatruljen. Lærarstudent Ole Olsen kom til som troppsførar hausten 1911. Han var kjend med speidararbeidet frå Haugesund.[2]

1913–1925

15. februar 1913 melde Olsen inn 1ste Lervik trop i Norsk Speidergutt-Forbund, Bergen krets. Det var då elleve gutar med i troppen. Utpå sommaren og hausten kom det fleire og fleire med.[3]

Hausten 1915 drog Olsen til Kristiania. Fredrik W. Rieber-Mohn tok då over som troppsførar. Han var ny sorenskrivarfullmektig på Stord, og var godt inne i speidarsaka frå Bergen. Under hans leiing fekk troppen eige turnparti og drog på mange turar til fots og på ski. Avskjedsturen til Rieber-Mohn gjekk til landsleiren på Sverresborg i Bergen i juli 1916. Ole Olsen kom no tilbake til Stord og tok opp at vervet som troppsleiar.[4]

Årsfestane vart ein tradisjon kvar 15. februar, med salutt, marsj, underhaldning og middag. I åra 19181920 var det dessutan ein aktiv jentetropp som var innboden til fest, og gutane var med på deira årsfest 16. april.[5]

Sigmund Bårdsen tok over som troppsleiar i 1919, då Ole Olsen på nytt reiste frå Stord. Bårdsen reiste sjølv til California etter berre eitt år og leiarsituasjonen i gruppa vart no vanskeleg. I åra som følgde var gutane fleire gonger overlatne til seg sjølve, men utan at arbeidet stoppa opp.[6]

1925–1941

Carsten Andresen var mannen som fekk 1. Leirvik i aktivitet igjen. Han var godt kjend med speidarrørsla frå før. Sidan Norsk Speidergutt-Forbund vart stifta hadde han vore assisterande troppsleiar under Hans Møller Gasmann i 2. Oslo tropp. Andresen var ingeniør ved Stordø Kisgruber.[7]

Troppssoga nemner spesielt eit «alle tiders speidermarked» 4.6. desember 1925. Speidarar med tromme, horn, og svære plakatar gjekk i reklametog om ettermiddagen, og folk strøymde til. Det var utlodding, kveldstrekning, lykkehjul, amerikansk lotteri, tombola, skytebane, matservering og sal av «Speiderens Julenummer». Vidare var det musikk, film, opplesing, tablå og boksekamp. Nettogevinsten vart på 480 kroner, mange pengar den gongen, og den vart seinare troppens økonomiske fundament.

Andresen var troppsleiar i mange aktive år. På årsfesten i 1933, 20-årsjubileet for troppen, fekk han overrekt heidersteiknet Svastikakorset av troppens gamle leiar og dåverande kretssjef Fredrik Rieber-Mohn.[8]

I 1939 fekk troppsleiar Andresen i gang to patruljar på Litlabø.

11. september 1941 vart speidarrørsla forboden av den tyske rikskommisæren i Noreg, og også på Stord stoppa speidararbeidet opp. Carsten Andresen skriv:

SitatVed den situasjon følte vi oss svært isolert på øya. Vi hadde ikke anledning til å konferere med andre tropper og høre hvorledes vi skulle stille oss til slik maktordre. Da vi bestilte alle våre rekvisita frå Bergen fant vi det rådeligst å levere sakene inn, selv om det var private eiendeler, dvs. speiderskjorter. Men vi tok helst det gamle hvis man hadde. Troppens eiendeler var så gamle at de fikk Arnold Markhus i oppdrag å gjemme bort. Vi fortsatte ikke regelmessig speiderarbeide efter forbudet. Vi følte forholdene alt for gjennemsiktige.Sitat
Carsten Andresen, 1941[9]

1945–1959

Nokre av dei yngste frå førkrigstida vart i 1945 med i ein aspirantpatrulje med nye gutar. Dei starta opp med troppsleir på Lundarstøl, med konkurransar og speiding kring stølen. Seinare fekk Arnold og Øyvind Markhus i gang patruljeførarkurs. Rolf Ellefsen kom til som troppsleiar. 1. mars 1948 vart troppen godkjend av forbundet under det nye namnet 1. Leirvik. Då Finn Holm tok over hausten 1948, vart det skikkeleg sving på troppen igjen.[10]

Hausten 1950 søkte 1. Leirvik seg over i Haugaland krets etter å ha vore i Bergen krets sidan starten.[11]

Ei storhending dette tiåret var kretsleiren på Valen i 1954, der troppsleiar Finn Holm var leirsjef. Sommaren etter vart 1. Leirvik tropp utteken til å representera Haugaland krets på den danske Billesborg-jamboretten i nærleiken av Køge på Sjælland. Det var danske speidarbrør som året før hadde vore på Valøyleiren som inviterte.

1960–1967

Gunnar Sævig gav seg som troppsleiar ved årsskiftet 1959/1960. Arbeidet i troppen kom no ned på eit sparebluss. Under leiing av Håkon Belsvik starta troppen oppatt for fullt ved årsskiftet 1961/1962. Ei speidarspalte i lokalavisa Sunnhordland, og ei lysing ved årsskiftet førde til at rundt 50 nye aspirantar melde seg.[12]

60-åra var travle år, med leirar, Skottlandstur, JOTA og idrettsaktivitetar. Samarbeidet med dei andre gruppene på øya, både gutar og jenter, var godt. Stord speidarråd vart skipa i 1964, og hadde til oppgåve å arbeida for å styrka speidararbeidet på øya. Dei arrangerte felles vår- og haustmanøvrar, festar for ulike aldersgrupper og felles juletrefestar.[13]

Sjøspeidartida 1968–1979

Troppen hadde kjøpt ein gammal livbåt som dei sette i stand i 1967. Det er rekna som forløparen til sjøspeidartida i 1. Leirvik. Dei følgjande åra fekk sjøspeidinga stor plass i 1. Leirviks aktivitetar, og ein diskuterte å bli rein sjøspeidargruppe.[14] Frå august 1970 var gruppa registrert som Stord Sjøspeidargruppe, med 1. Leirvik tropp.[15] Denne perioden starta bra med mange medlemmer, men leiarsituasjonen vart vanskeleg.

Speidarlokalet var i det gamle Fengselet på Leirvik. Der vart det støypt nytt golv og innreia rom til både jentespeidarar og gutespeidarar. Tilhøva var likevel ikkje gode, det kom mellom anna vatn på golvet. Det var tidleg på 70-talet at A/S Stord Verft lot 1. Leirvik få overta Naustet i Naustvågen som speidarlokale og heimehamn for båtane i gruppa.[16] Naustet vart frå 1976 til 1978 påkosta straum og ny innreiing.[17]

I jubileumsåret 1973 talde troppen 55 speidarar og leiarar fordelt på fire patruljar og ein aspirantpatrulje. Hans Christian Junge tok over som gruppeleiar på slutten av året. Programmet for året var mangfaldig med storveges 60 års jubileumsfest, påskeleir og sommartokt.

Stord Sjøspeidargruppe hadde etter kvart ein god del båtar: Baljo, ein livbåt i tre med gaffelrigg, Storo, ein livbåt i glasfiber, Steady, ein seksæring med skandekk og gaffelrigg, fire segljoller type «Puffin» og ein kano. Seinare vart også Bragen kjøpt inn, ein kravellbygd trebåt med plastra dekk og kahytt. Den var bermudarigga med storsegl, fokk og klyver og var utstyrt med baugspryd. Hans Christian Junge fortel at båten vart funnen på Tysnes i dårleg stand og utan segl. Skipsreiar Waldemar Skogland i Haugesund hadde ått og brukt båten i sine velmaktsdagar som lystyacht. Etter mykje arbeid av sjøspeidargruppa vart båten ein fin turbåt for dei eldste speidarane i troppen. I 1974 vart det også kjøpt inn ein 23 fot motorbåt med ein 4-5 hk Sabb Diesel i. Denne vart kalla Festus. Utover på 70-talet endra båthaldet seg, og tidleg på 80-talet hadde gruppa berre to båtar att.

Frå 1975 til 1979 vart det mindre aktivitet i gruppa. Speidinga vart driven på patruljebasis med jamlege patruljemøte, men meir sporadiske gruppemøte.

1980–1989

Unge Johannes Sørheim Bøe korresponderte med kretsen og fekk sving på speidargruppa igjen. No er 1. Leirvik igjen ei «vanleg» speidargruppe, ikkje sjøspeidarar. På landsleiren i Åsnes stilte 1. Leirvik mannsterkt med 28 deltakarar.

Nils Himle kom frå Nesøya speidergruppe i Asker og sette sitt preg på 1. Leirvik som gruppeleiar i nokre år. I 1985 var han underleirsjef på landsleiren på Notodden, og ikkje lenger så aktiv i gruppa. Seinare flytta han til Bømlo og var lenge leiar i Finnås speidargruppe.

Hausten 1983 gjekk Helga Kroka og Edith Dahl Olsen i gang med småspeidararbeid. Dette var eit stort løft for gruppa og gav fort mange nye medlemmar. Småspeidarane starta tradisjonen med juleturar. Første juletur går til Lundarstølen. Etter kvart vart alle medlemmane i 1. Leirvik med. Dette har sidan vore ein ubroten tradisjon. Hausten sluttar alltid av med juletur første helga i desember.

1990–2000

Helga Kroka tok i 1990 over som gruppeleiar. Ho hadde vore med som småspeidarleiar sidan 1983. 1. Leirvik sleit no med dårleg økonomi og få leiarar. Foreldre og andre interesserte vart kalla inn til «redningsaksjon» for å få 1. Leirvik på fote igjen. Øystein Østensen er troppsleiar.

Småspeidararbeidet låg nede i 1992 og 1993, og medlemstalet var heilt nede i ni registrerte medlemmer ved utgangen av 1993. [18] Frå 1994 var småspeidarane i gang att. Medlemstalet låg stabilt rundt 20 dei neste ti åra.

Frå 1996 hadde både småspeidarane og speidarane møta sine på Naustet. Inntil då hadde småspeidarane vore på Leirvik skule.

Speidarmøte ved Naustet i april 2011

Frå 2000

90-årsjubileet i 2003 vart feira i fleire dagar. Først med stor jubileumsfest i Odd Fellows festlokale og veka etter på Leirvik skule med familie og speidarvener.

2004 var eit godt vekstår. Medlemstalet dobla seg nesten. Då året var slutt, hadde 1. Leirvik om lag 40 aktive medlemmer. [19] I dei komande åra satsa gruppa særleg på å halda på ungdom i roveralder.

I 2005 vann Oterpatruljen kretskonkurransen og fekk reisa til NM i speiding for første gong for ein patrulje frå 1. Leirvik. Dei kvalifiserte seg òg til NM i 2006 og 2007. I 2007 fekk dei følgje av Falk. Vandrarpatruljen, som seinare kalla seg «Helga's Angels», reiste til NM i Bergen i 2009 og Tysvær i 2010. I Tysvær, då Ryvarden krets var med å arrangera NM, hadde 1. Leirvik ansvaret for den eine praktiske oppgåva. Ein stor gjeng roverar og leiarar frå gruppa stilte opp og hjalp med førebuing og gjennomføring av oppgåva.

Hausten 2011 fekk gruppa hytta Sævarbu på Stordfjellet. No starta òg eit større arbeid med å rusta opp Naustet, som trong både ny bordkledning, ny dør og reparasjon av lekkasjar.

Vintertur til Sævarbu februar 2012.

Hytter og hus

  • A/S Stord Verft lot 1. Leirvik få innreia eit naust i Naustvågen tidleg på 70-talet. På Naustet har 1. Leirvik framleis sine speidarmøte.
  • Hausten 2011 fekk 1. Leirvik hytta Sævarbu på Stordafjellet.

I tidlegare tider

  • Sommaren 1914 bygde troppen ei hytte ved Tveitavatnet, av materiale frå ein gammal tribune. Ikkje før var hytta reist, før ho måtte flyttast. Ho stod nemleg på feil eigedom, og grunneigaren var ikkje blid. Etter flyttinga vart hytta mykje brukt av troppen. Etter 1920 minka interessa, for hytta låg for nær Leirvik. Hytta ved Tveitavatnet vart seld til to eldre speidarar i 1925.
  • Leirvik Brann- og Bygningskommune stilte ei reidskapsbu i Parken til disposisjon for 1. Leirvik frå 1925. Patruljane fekk innreia bua til eige bruk. Hytta i Parken vart nytta til langt inn på 1950-talet.
  • Speidargruppa leigde hytta på Husøyo like utanfor Leirvik frå 1973 til litt utpå 80-talet. Denne hytta var sentral i sjøspeidararbeidet. Det var Stord kommune som eigde hytta.

Troppssang

Første Leirvik tropp, nå marsjerer opp,
full av liv og godt humør.
Ingen pessimist, kan oss gjøre trist,
troppen aldri dør!
Hei, bli med på ferden, åpen ligger hele verden,
syng og smil og le, så alle kan få se,
her er troppen vår!

Speidere ta i, troppen vår skal bli,
beste tropp i Norges land.
La oss sette til, vise at vi vil,
gjøre gutt til mann.
Hei, bli med på ferden, åpen ligger hele verden,
syng og smil og le, så alle kan få se,
her er troppen vår!


Leirar

Leirillustrasjon.png
Årstal Leirar Deltakartal Referansar
1915 Sommartur, Haugesund
1916 Landsleir, Bergen 11 deltakarar
1920 Landsleir, Trondheim
1925 Troppsleir, Flakkavåg
1926 Bergen kretsleir, Førde
1927 Troppstur, Bømlo
1928 Landsleir, Åndalsnes
1929 Troppstur, Utåker
1929 3rd World Scout Jamboree, England 1 deltakar
1930 Bergen kretsleir, Etne
1931 Troppsleir, Flakkavåg
1932 Landsleir, Mandal
1933 Troppsleir, Flakkavåg
1933 Sykkeltur, England
1934 Bergen kretsleir, Lærdal i Sogn
1936 Landsleir, Jeløya ved Moss
1938 Bergen kretsleir, Strandebarm
1940 Troppsleir, Vatna
1941 Leir, Valvatna
1945 Troppsleir, Lundarstøl
1948 Landsleir, Mandal 20 deltakarar
1949 Pinseleir, Skånevik Sunnhordl. avd.
1950 Bergen kretsleir, Voss
1950 Sykkeltur, Danmark 11 deltakarar
1951 Troppsleir, Borgundøy
1952 Landsleir, Verdal 12 deltakarar
1953 Troppsleir, Huglo
1954 Haugaland kretsleir, Valen
1955 Billesborg-jamboretten, Køge, Danmark 20 deltakarar
1956 Landsleir, Voss
1958 Haugaland kretsleir, Hinderåvåg
1962 Stord avdelingsleir, Huglo
1963 Haugaland kretsleir, Valen
1964 Troppsleir, Borgundøy
1965 Sundeleiren (1. Hystad. 1. Sauda. 1. Leirvik)
1966 Haugaland kretstur, Skottland 7-8 deltakarar
1967 Haugaland kretsleir, Vikedal
1968 Landsleir, Lillehammer
1969 Troppsleir, Huglo
1969 Ny-Hedebyleiren, Danmark
1970 Troppsleir, Tittelsnes
1971 Kretsleir, Huglo
1972 Pinseleir, Moster (båtleir)
1972 Landsleir, Røros
1974 Sommarleir, Taraldsøy
1975 Bømlo-leiren [20]
1976 Landsleir, Åndalsnes ca. 15 deltakarar
1979 Kretsleir, Kyrping
1981 Landsleir, Åsnes 28 deltakarar
1983 Kretsleir, Sandvik
1984 Troppsleir med Nesøya, Lykling
1985 Landsleir, Notodden
1987 Kretsleir, Valen
1989 Landsleir, Skaugum 9 deltakarar
1991 Kretsleir, Sandvik 8 deltakarar
1991 17th World Scout Jamboree, Sør-Korea 1 deltakar
1993 Landsleir, Eidskog 10 deltakarar
1995 Kretsleir, Sønstabø 11 deltakarar
1997 Landsleir, Austrått 8 deltakarar
1999 Vikingleir, Blikshavn
1999 Kretsleir, Huglo
2000 Vikingleir, Blikshavn
2001 Landsleir «Urban», Fredrikstad 8 deltakarar
2002 Vikingleir, Blikshavn 17 deltakarar
2003 Kretsleir, Blikshavn 10 deltakarar
2004 Vikingleir, Blikshavn
2005 Landsleir «fri:05», Ingelsrud 17 deltakarar
2006 Festivalleir, Lier 25 deltakarar
2007 Kretsleir, Fitjar 22 deltakarar
2008 Festivalleir, Lier 19 deltakarar
2009 Landsleir «Utopia», Åndalsnes 20 deltakarar
2010 Festivalleir, Lier 20 deltakarar
2011 Kretsleir, Voss 18 deltakarar
2012 Festivalleir, Lier

Gruppe- og troppsleiarar


Naust-nytt-logo-1969.jpg

Gruppeavis og nettside

  • Troppsavisa Speidergutten starta opp i 1914, mangfaldiggjort med hektograf.[21]
  • Seinare vart Troppsavis for 1. Leirvik handskriven og oppbevart i protokollar.[22]
  • Naust-Nytt kom ut frå 1967 til 1969, stensilert i fargar på spritduplikator. Redaktør: Trond Moe Bogsnes[23]
  • Seinare eksisterte Naust-Nytt litt meir sporadisk, men det kom minst eitt nr. i 1983.
  • Frå 2009 har 1. Leirvik hatt nettside.

Litteratur

Utklipp og minne



Eksterne lenkjer

Referansar

  1. 1,0 1,1 Her er det tatt utgangspunkt i dagens oppdeling av fylker og kommuner og lagt til evnt. tidl. benevnelser for disse. Hvis det ikke er opprettet en egen artikkelside for disse, vil denne bli søkbar og kategorisert etter dagens oppdeling.
  2. Eyvind Nitter i historikk til årsfesten 1926.
  3. Eyvind Nitter i historikk til årsfesten 1926.
  4. Eyvind Nitter i historikk til årsfesten 1926.
  5. Birger Heiberg Andersen i jubileumsskriftet 1913–1938.
  6. Jubileumsskriftet 1913–1938.
  7. Jubileumsskriftet 1913–1938.
  8. Jubileumsskriftet 1913–1938.
  9. 1. Leirvik speidertropp 1913-1973
  10. 1. Leirvik speidertropp 1913-1973
  11. 1. Leirvik speidertropp 1913-1973
  12. 1. Leirvik speidertropp 1913-1973
  13. 1. Leirvik speidertropp 1913-1973
  14. Naust-nytt nr. 3/4 1969
  15. Registrering til forbundet 1972 eller 1973.
  16. 1. Leirvik speidertropp 1913-1973
  17. Naust-Nytt 23. april 1983
  18. Skjema for medlemsregistrering 1993.
  19. Skjema for medlemsregistrering 2004.
  20. Plakett på Naustet: «4. beste tropp Bømlo-leiren '75»
  21. Trond Moe Bogsnes: 1. Leirvik speidertropp 1913-1968
  22. Trond Moe Bogsnes: 1. Leirvik speidertropp 1913-1968
  23. Arkiv på Naustet.