1. Førde

Fra Speiderhistorisk leksikon
Hopp til:navigasjon, søk
1. Førde speidargruppe av Norsk Speidergutt-Forbund var ei speidargruppe som heldt til i Førde i Sogn og Fjordane. Ho vart stifta av sorenskrivarkontorist Anders Lassesen Berge 23. april 1925. 1. januar 1984 vart ho slått saman med jentene i Førde 1 av Norsk Speiderpikeforbund, til Førde speidargruppe av Norges speiderforbund.
Les mer om speidingen i Førde kommune Førde kommunevåpen.png

Glimt fra historien

Melding om nystarta 1. Førde i Speideren nr. 7, 1925.

1925–1940: Oppstarten og mellomkrigsåra

I Førde var nok speidarsaka kjend før skipingsåret 1925. Kor mange som kjende til henne, og om saka fekk innverknad på anna ungdomsarbeid i bygda (som Førde den gongen var), har ein ikkje full kjennskap til. Ungdomsskulelærar Harald Slettemark kjende i all fall godt til speidarrørsla på eit tidleg tidspunkt.

Utklipp frå Speideren nr. 5, 1927.

Mannen som skipa speidartropp i Førde var sorenskrivarkontorist Anders Lassesen Berge. Han hadde truleg studert saka på nært hald i Bergen. 23. april 1925, på St. Georgsdagen, skipa han 1. Førde speidertropp, som hadde sitt fyrste møte onsdag 29. april 1925, kl. 19.30. Med ein fast organisasjon vart det fart i arbeidet. Impulsar frå Bergen krets og Norsk Speidergutt-Forbund gav full kjennskap til saka. Troppen fekk det utstyret som skulle til, og på kort tid falda speidarrørsla seg ut i Førde.

Ved starten i 1925 var det 32 speidarar i troppen. Dei var fordelte på fire patruljar: «Bever», «Ulv», «Elg» og «Hauk». Talet på patruljar varierte gjennom åra, ei tid var det berre tre, men seinare steig det til fem. Namna på patruljane varierte òg. Dei fleste gutane som var med, var frå Førde sentrum, men det var òg nokre med frå Vie, Bruland, Hornnes, Halbrend, Steinen og Mo jordbruksskule. I 1934 vart det skipa to patruljar i grenda ved Sunnfjord ungdomsskule på Solvang. Det var Odd Nesje som gjorde opptaket. Han og Bodvar Nesje leidde kvar sin patrulje. Då dei to Nesje-brørne reiste ut i 1939, vart partruljane slått saman til éi, med Oddvin Indrebø som patruljeførar.

Troppen deltok på landsleiren på Åndalsnes i 1928. Leiren var delt opp i 100 gruppeområder. Her bodde flere tropper sammen og bl.a. laget maten felles. På gruppeområde 48 var Malvin Frantzen gruppechef for 54 speidere fra 1. Nesttun, 12. Bergen, 16. Bergen og 1. Førde. [2]

Anders L. Berge dreiv speidararbeidet til han vart lensmann i Florø og Kinn i 1928. Då tok Kristian Hope, som var snikkar, over. Han var troppsleiar fram til 1930. I åra 1930–1932 hadde troppen ingen leiar, iallfall ikkje offisielt. Hope hadde slutta, og det var vanskeleg å finne ein ny. Ungdomsskulelærar Harald Slettemark vart då oppmoda (truleg av Bergen krets) til å bli troppsleiar. Han byrja i 1932 og stod skriven som leiar heilt til 1940.

Otto Kristiansen, seinare politimann, tok til som troppsassistent i den tida Kristian Hope var leiar. Han var assistent fram til 1938, då han reiste frå Førde. Etter dette var det vanskeleg ei tid. Helge Bydal, som var heime i Førde ei kort tid nett då, og Arne Kristiansen gjekk i brodden og fekk fart i arbeidet att. Sistnemnde, som var lensmannbetjent, vart troppsassistent etter Otto Kristiansen. Han var skriven som assistent frå 1939 til krigen starta. Då vart han innkalla til militærteneste, og han deltok i krigen.

1940–1945: Speiding under krigen

Då krigen kom i 1940, vart troppsarbeidet lagt ned. Året etter løyste tyskarane opp speidarrørsla i Noreg. Det var såleis strengt forbode å drive speidararbeid så lenge krigen varte. To av patruljane i Førde heldt likevel fram arbeidet i det stille. Det var «Hauk» og «Svale».

Leon Slåtten var patruljeførar for «Hauk» og Johan Kristiansen for «Svale». Johan Kristiansen (bror til Arne Kristiansen og fetter til Otto Kristiansen) var den av dei som heldt ut lengst, til 1942, då Johan Kristiansen reiste frå Førde. Med det var det slutt på alt speidararbeid i Førde så lenge krigen varte. Fram til då hadde kontakten med krets og forbund vore broten, og patruljen hadde arbeidd heilt på eiga hand.

1945–1960: Ny giv, men vanskeleg med kontinuitet

8. mai var okkupasjonen slutt. Den tyske krigsmakta drog sørover og lét etter seg eit utarma land. Nordmenn som sat i tysk fangenskap kom heim. Fleire tidlegare Førde-speidarar var mellom dei. Utover våren og sommaren livna det i ungdomsorganisasjonane etter dei mørklagde åra. Norsk Speidergutt-Forbund kom i funksjon att 10. mai det året. Det tok likevel tid før sambandet med kretsane og troppane kom i stand. På denne tida hadde også Johan Kristiansen kome tilbake til Førde. På oppmoding frå 25 gutar sette han seg i spissen for å atterreise 1. Førde speidartropp. Han fekk med seg dei tidlegare patruljekameratane Rolf Thingvold, Alf Reikvam og Svein Grøntoft frå tida i «Svale». Magne Hjelle hjelpte òg til. Troppen vart meld inn i forbundet med Johan Kristiansen som troppsførar og Rolf Thingvold som troppsassistent.

Speidarutstyr frå før krigen var det lite att av. For å skape eit startgrunnlag arrangerte troppen ei tilstelling av dei sjeldne på den tida. Til inntekt for speidarane stilte lærarane og handelsmennene opp til fotballkamp på Kronborg. Førde Hornmusikk spela frå sentrum til idrettsplassen. Det var stor stemning og mykje folk som såg på. Mange pengar kom inn. Samstundes var det fotballkamp mellom Florø-speidarane og Førde-speidarane.

Troppen arbeidde godt i åra framover. Alt vart atterreist og ført vidare fram. Leiarspørsmålet som alltid har vore eit problem i speidarrørsla, melde seg etter ei tid. Johan Kristiansen og Rolf Thingvold drog frå bygda på skular i 1948. Ingen kunne ta over. Men Johan Kristiansen «fjernstyrde» troppen heilt til 1952. I tida 1948–1950 dreiv han i sommarferien og juleferien. Frå 1950 skreiv han brev og informerte og inspirerte patruljane. Det var nok til å halde arbeidet i gang. I 1952 vart det slutt på grunn av leiarmangel. I tida 1953–1956 var alt speidarliv i Førde døydd ut.

Om våren i 1957 gjekk Leon Slåtten i brodden og fekk patruljane i gang att. Johan Betten vart troppsassistent. Leon Slåtten stod som leiar fram til 1960. Han budde ikkje fast i Førde heile tida. Leiinga vart difor avbroten med mellomrom. Men han inspirerte ein ny speidargenerasjon. Fleire av dei kom til å spele ei viktig rolle i troppen frå 1960 og heilt fram til jubileumsåret 1975. Leon Slåtten døydde i 1960, berre 37 år gammal.

1960–1984: Nye einingar og åra fram mot samanslåinga

Deltakarane frå 1. Førde under kretsleiren på Valøy i 1978. Biletet er henta frå minneheftet til leiren.

Om hausten i 1960, då Johan Kristiansen kom tilbake til Førde som skulestyrar, vart det innleiinga for ein ny periode i 1. Førde speidartropp si historie. Det er mange grunnar til det, men fyrst og fremst skuldast det at troppen fekk ei stabil leiing. Utan avbrot leidde Kristiansen gutespeidarane fram til samanslåinga med jentene i 1984. I 1961 fekk Kristiansen med seg to tidlegare speidarar på sin eigen alder, Helge Bydal og Oddvin Indrebø. Dei var med i leiinga fram til 1969. I 1965 vart foreldreråd skipa. Den første formannen var Albert Øen.

Ved sida av landsleirane var nok markeringa av 40-årsjubileumet i 1965 eit av høgdepunkta i denne tida. Generalsekretær Odd Hopp kom frå Oslo og var med både i speidargudstenesta i kyrkja og på den store festtilstellinga i gymnastikksalen på Førde skule, der han heldt festtalen. Til stades var òg andre innbedne, ordførar, skulesjef og tidlegare leiarar av troppen, som Harald Slettemark og Otto Kristiansen.

I 1967 vart det stifta roverlag – for speidarar over 16 år. I 1968 vart flokken stifta – for gutar mellom 8 og 11 år. Flokk, tropp og roverlag utgjer ei gruppe, og frå då av hadde gutegruppa i Førde namnet 1. Førde gruppe. Flokken var hovudsakleg leidd av kvinner. Den fyrste flokkleiaren var Nora Myklebust, og den fyrste roverlagsleiaren var Helge Loe. Johan Kristiansen vart gruppeleiar, og den fyrste troppsleiaren etter omorganiseringa vart Ingvald Os.

Leiarar

Årstall i parantes er tidligst og seneste årstall vi kjenne til vedkommende har hatt lederfunksjonen.

Flokkleiarar gjennom tidene Årstall / periode Referanser
Evelyn Osland (1970) – (1971) [3]
Wenche Hegle (1972) – (1973) [4]
Kjellaug Gjerdåker (1977) [5]
Åse Sandøy (1978) [6]
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [1]
Flokkassistentar gjennom tidene Årstall / periode Referanser
Herlaug Gjelsvik (1970) – (1973) [7] [8]
Henninge Kvaal (1972) – (1973) [9]
Herlaug Gjelsvik (1977) [5]
Henning Kvaal (1977) – (1978) [5] [6]
Berit Fidjestøl (1978) [6]
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [2]
Frå starten av var namnet på den som leidde troppen, «troppsførar».
Troppsførarar/troppsleiarar gjennom tidene Årstall / periode Referanser
Anders Lassesen Berge, sorenskrivarkontorist 19251928 [10]
Kristian Hope, snikkar 19281930 [1]
Ingen, grunna leiarmangel 19301932
Harald Slettemark, ungdomsskulelærar 19321940 [11]
P.t. troppsassistenten (1938) [12]
Ingen, speidingen er forbudt 19411945
Johan Kristiansen 19451952
Ingen, grunna leiarmangel 19521957
Leon Slåtten 19571960
Johan Kristiansen 19601968
Ingvald Os 19681971 [13]
Kurt Djupvik 1971
Ingvald Os 19721974 [14]
Oddbjørn Tefre 19741975
Oddbjørn Tefre (1977) – (1978) [5] [6]
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [3]
Troppsassistentar gjennom tidene Årstall / periode Referanser
Bjarne Reiakvam (1970) – (1973) [15] [16]
Ove Jan Kvammen (1970) – (1971) [17]
Bjarne Reiskvam (1977) – (1978) [5] [6]
Helge Flaten (1977) [5]
Arnfinn Gjeråker (1977) [5]
Agnar Storbakk (1978) [6]
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [4]
Roverlagsleiarar gjennom tidene Årstall / periode Referanser
Knut Djupvik (1970) – (1971) [18]
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [5]
Roverlagsassistentar gjennom tidene Årstall / periode Referanser
Oddvar Huseklepp (1972) – (1973) [19]
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [6]
Gruppeleiarar gjennom tidene Årstall / periode Referanser
Johan Kristiansen 19681984 [20] [21] [5] [6]
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [7]

Pinse- og sommerleirer

Leirar ein veit gruppa har vore med på.

Årstall Pinse- og sommerleirer Sted / kommune Antall deltakere Referanser
1926 Kretsleir Førde Førde kommunevåpen.png Førde
1928 Landsleir i Åndalsnes (Norsk Speidergutt-Forbund) Rauma kommunevåpen.png Rauma 5 deltakere [2]
1932 Landsleir i Mandal (Norsk Speidergutt-Forbund) Lindesnes kommunevåpen.png Mandal, Lindesnes
1934 Kretsleir i Lærdal (Norsk Speidergutt-Forbund) Lærdal kommunevåpen.png Lærdal
1937 Avdelingsleir Førde (Fjordane avdeling av Norsk Speidergutt-Forbund) Førde kommunevåpen.png Førde
1936 Landsleir på Jeløy (Norsk Speidergutt-Forbund) Moss kommunevåpen.png Moss <
1941 - 1945 Speiderarbeidet er forbudt, september 1941 - 7. mai 1945
8. mai 1945 Speiderarbeidet blir legalt igjen
1947 Kretsleir Sandane (Norsk Speidergutt-Forbund) Gloppen kommunevåpen.png Gloppen
1948 Landsleir "Speiderbyen" i Mandal (Norsk Speidergutt-Forbund) Lindesnes kommunevåpen.png Mandal, Lindesnes
1952 Landsleir Verdal (Norsk Speidergutt-Forbund) Verdal kommunevåpen.png Verdal
1960 Landsleir på Brunlanes (Norsk Speidergutt-Forbund) Larvik kommunevåpen.png Larvik
1964 Landsleir Bodø (Norsk Speidergutt-Forbund) Bodø kommunevåpen.png Bodø
1966 Kretsleir i Øystese (Norsk Speidergutt-Forbund) Kvam kommunevåpen.png Kvam
1968 Landsleir på Lillehammer (Norsk Speidergutt-Forbund) Lillehammer kommunevåpen.png Lillehammer
1970 Kretsleir i Førde (Norsk Speidergutt-Forbund) Førde kommunevåpen.png Førde
1972 Landsleir Røros (Norsk Speidergutt-Forbund) Røros kommunevåpen.png Røros
1974 Kretsleir på Voss (Norsk Speidergutt-Forbund) Voss kommunevåpen.png Voss
1976 Landsleir på Åndalsnes, underleir Vengetind (Norsk Speidergutt-Forbund) Rauma kommunevåpen.png Rauma
1978 Kretsleir på Valøy (Norsk Speidergutt-Forbund) Stord kommunevåpen.png Stord
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [8]

Speiderhus, -hytter og møtesteder

Se også artikkelsidene om andre speiderhus, -hytter og -leirsteder.

Medlemstall

  • 1928 – 23 totalt : 2 ledere, 0 førstegradsspeidere, 5 andregradsspeidere, 16 tredjegradsspeidere, 0 rovere. [1]
  • 1935 – 19 totalt : 2 ledere, 0 førstegradsspeidere, 13 andregradsspeidere, 4 tredjegradsspeidere, 0 rovere. [22]
  • 1937 – 16 totalt : 2 ledere, 0 førstegradsspeidere, 8 andregradsspeidere, 6 tredjegradsspeidere, 0 rovere, 0 ulvunger. [23]

Litteratur

Denne artikkelen brukar for ein stor del redigert tekst frå:

  • Bydal, Helge; Indrebø, Oddvin og Øen, Albert: Speidargutane i Førde gjennom 50 år: 1925–1975 (Førde: Øens Prent, 1975).

Utklipp og minner

Om Sogn og Fjordane

Les mer om speidingen i Sogn og Fjordane fylke. Sogn og Fjordane fylkesvåpen.png

Om Norges speiderforbund i Sogn og Fjordane

Les mer om Norges speiderforbund i Sogn og Fjordane NSF forbundsmerke 3 stoffmerke.jpg

Om Norges speiderforbund

NSF logo kløverlilje.PNG Norges speiderforbund

Om Norsk Speidergutt-Forbund i Sogn og Fjordane

Les mer om Norsk Speidergutt-Forbund i Sogn og Fjordane NSF logo.jpg

Om Norsk Speidergutt-Forbund

Lilje.JPG Norsk Speidergutt-Forbund

Referanser

  1. 1,0 1,1 1,2 Norsk Speidergutt-Forbund Årsmelding 1928 Troppsoversikt
  2. 2,0 2,1 Oversikt i leirheftet over tropper som var påmeldt landsleiren på Åndalsnes i 1928
  3. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppenes ledere pr 1. januar 1971
  4. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppens ledere pr 1. januar 1973
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 5,7 Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund) sin adresseliste i 1977
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund) sin adresseliste i 1978
  7. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppenes ledere pr 1. januar 1971
  8. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppens ledere pr 1. januar 1973
  9. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppens ledere pr 1. januar 1973
  10. Norsk Speidergutt-Forbunds Årsmelding 1926
  11. Norsk Speidergutt-Forbunds Styrkeliste 1935/1936, publisert i Speideren nr. 5 1936, NSF.
  12. Norsk Speidergutt-Forbunds Styrkeliste 1937/1938, Speideren nr. 5 1938
  13. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppenes ledere pr 1. januar 1971
  14. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppens ledere pr 1. januar 1973
  15. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppenes ledere pr 1. januar 1971
  16. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppens ledere pr 1. januar 1973
  17. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppenes ledere pr 1. januar 1971
  18. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppenes ledere pr 1. januar 1971
  19. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppens ledere pr 1. januar 1973
  20. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppenes ledere pr 1. januar 1971
  21. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund), Oversikt over gruppens ledere pr 1. januar 1973
  22. Norsk Speidergutt-Forbunds Styrkeliste 1935/1936
  23. Norsk Speidergutt-Forbunds Styrkeliste 1937/1938
  24. Lederen nr. 3 1961, Norsk Speidergutt-Forbund.
  25. Lederen nr. 3 1969.