1. Leirvik
1. Leirvik | |
---|---|
Stiftet: | 15. februar 1913 (111 år) [1][2][3][4][5][6] |
Krets: | Ryvarden krets tidl. Haugaland krets og Bergen krets |
Forbund: | Norges speiderforbund tidl. Norsk Speidergutt-Forbund |
Kommune: [7] | Stord |
Fylke: [7] | Vestland, tidl. Hordaland |
|
|
Innhold
Område
1. Leirvik er i dag einaste NSF-speidargruppa i Stord kommune i Vestland fylke. Til 1. januar 2020 i Hordaland fylke. Gruppa tek inn medlemmer frå alle skulekretsane i kommunen.
Speidargruppa i dag
2023
110 årsjubileet blir feiret på Grimsåsen 18. februar for nåværende medlemmer, foresatte, tidligere medlemmer og andre speidervenner.
For oppdatert informasjon, sjå heimesida til 1. Leirvik.
2013
1. Leirvik har i jubileumsåret 2013 rundt 60 medlemmer – småspeidarar, stifinnarar, vandrarar, roverar og leiarar. Møta vert haldne på Naustet i Naustvågen, der tilhøva er gode for utespeiding.
Glimt fra historien
Før 1913
Ein gutegjeng på Leirvik starta som speidarar alt i 1911, inspirert av boka Ørnepatruljen. Lærarstudent Ole Olsen kom til som troppsførar hausten 1911. Han var kjend med speidararbeidet frå Haugesund. [10]
1913–1925
15. februar 1913 melde Olsen inn 1ste Lervik trop i Norsk Speidergutt-Forbund, Bergen krets. Det var då elleve gutar med i troppen. Utpå sommaren og hausten kom det fleire og fleire med. [11]
Hausten 1915 drog Olsen til Kristiania. Fredrik W. Rieber-Mohn tok då over som troppsførar. Han var ny sorenskrivarfullmektig på Stord, og var godt inne i speidarsaka frå Bergen. Under hans leiing fekk troppen eige turnparti og drog på mange turar til fots og på ski. Avskjedsturen til Rieber-Mohn gjekk til landsleiren på Sverresborg i Bergen i juli 1916. Ole Olsen kom no tilbake til Stord og tok opp at vervet som troppsleiar. [12]
Årsfestane vart ein tradisjon kvar 15. februar, med salutt, marsj, underhaldning og middag. I åra 1918–1920 var det dessutan ein aktiv jentetropp som var innboden til fest, og gutane var med på deira årsfest 16. april. [13]
Sigmund Bårdsen tok over som troppsleiar i 1919, då Ole Olsen på nytt reiste frå Stord. Bårdsen reiste sjølv til California etter berre eitt år og leiarsituasjonen i gruppa vart no vanskeleg. I åra som følgde var gutane fleire gonger overlatne til seg sjølve, men utan at arbeidet stoppa opp. [14]
1925–1941
Carsten Andresen var mannen som fekk 1. Leirvik i aktivitet igjen. Han var godt kjend med speidarrørsla frå før. Sidan Norsk Speidergutt-Forbund vart stifta hadde han vore assisterande troppsleiar under Hans Møller Gasmann i 2. Oslo tropp. Andresen var ingeniør ved Stordø Kisgruber.[15]
Troppssoga nemner spesielt eit «alle tiders speidermarked» 4.–6. desember 1925. Speidarar med tromme, horn, og svære plakatar gjekk i reklametog om ettermiddagen, og folk strøymde til. Det var utlodding, kveldstrekning, lykkehjul, amerikansk lotteri, tombola, skytebane, matservering og sal av «Speiderens Julenummer». Vidare var det musikk, film, opplesing, tablå og boksekamp. Nettogevinsten vart på 480 kroner, mange pengar den gongen, og den vart seinare troppens økonomiske fundament.
1928: Troppen deltok på landsleiren på Åndalsnes. Leiren var delt opp i 100 gruppeområder. Her bodde flere tropper sammen og bl.a. laget maten felles. På gruppeområde 47 var Edvin Schei gruppechef for 50 speidere fra 11. Bergen, 1. Leirvik, 1. Stend og 1. Årstad. [16]
1933: Andresen var troppsleiar i mange aktive år. På årsfesten i 1933, 20-årsjubileet for troppen, fekk han overrekt heidersteiknet Svastikakorset av troppens gamle leiar og dåverande kretssjef Fredrik Rieber-Mohn.[17]
1938: Troppen feiret sitt 25-årsjubileum 19. februar. [18]
1939: Troppsleiar Andresen fekk i gang to patruljar på Litlabø.
1941: 11. september vart speidarrørsla forboden av den tyske rikskommisæren i Noreg, og også på Stord stoppa speidararbeidet opp. Carsten Andresen skriv:
Ved den situasjon følte vi oss svært isolert på øya. Vi hadde ikke anledning til å konferere med andre tropper og høre hvorledes vi skulle stille oss til slik maktordre. Da vi bestilte alle våre rekvisita frå Bergen fant vi det rådeligst å levere sakene inn, selv om det var private eiendeler, dvs. speiderskjorter. Men vi tok helst det gamle hvis man hadde. Troppens eiendeler var så gamle at de fikk Arnold Markhus i oppdrag å gjemme bort. Vi fortsatte ikke regelmessig speiderarbeide efter forbudet. Vi følte forholdene alt for gjennemsiktige. | ||
– Carsten Andresen, 1941 [19] |
1945–1959
1945: Nokre av dei yngste frå førkrigstida vart i 1945 med i ein aspirantpatrulje med nye gutar. Dei starta opp med troppsleir på Lundarstøl, med konkurransar og speiding kring stølen. Seinare fekk Arnold og Øyvind Markhus i gang patruljeførarkurs. Rolf Ellefsen kom til som troppsleiar. 1. mars 1948 vart troppen godkjend av forbundet under det nye namnet 1. Leirvik. Då Finn Holm tok over hausten 1948, vart det skikkeleg sving på troppen igjen. [20][19]
1950: Om hausten søkte 1. Leirvik seg over i Haugaland krets etter å ha vore i Bergen krets sidan starten. [19]
1951: Gruppen består av en ulveflokk og en speidertropp. [21]
1954: Ei storhending dette tiåret var kretsleiren på Valen, der troppsleiar Finn Holm var leirsjef. Sommaren etter vart 1. Leirvik tropp utteken til å representera Haugaland krets på den danske Billesborg-jamboretten i nærleiken av Køge på Sjælland. Det var danske speidarbrør som året før hadde vore på Valøyleiren som inviterte.
1960–1967
Gunnar Sævig gav seg som troppsleiar ved årsskiftet 1959/1960. Arbeidet i troppen kom no ned på eit sparebluss. Under leiing av Håkon Belsvik starta troppen oppatt for fullt ved årsskiftet 1961/1962. Ei speidarspalte i lokalavisa Sunnhordland, og ei lysing ved årsskiftet førde til at rundt 50 nye aspirantar melde seg. [19]
60-åra var travle år, med leirar, Skottlandstur, JOTA og idrettsaktivitetar. Samarbeidet med dei andre gruppene på øya, både gutar og jenter, var godt. Stord speidarråd vart skipa i 1964, og hadde til oppgåve å arbeida for å styrka speidararbeidet på øya. Dei arrangerte felles vår- og haustmanøvrar, festar for ulike aldersgrupper og felles juletrefestar. [19]
Sjøspeidartida 1968–1979
Troppen hadde kjøpt ein gammal livbåt som dei sette i stand i 1967. Det er rekna som forløparen til sjøspeidartida i 1. Leirvik. Dei følgjande åra fekk sjøspeidinga stor plass i 1. Leirviks aktivitetar, og ein diskuterte å bli rein sjøspeidargruppe. [22] Frå august 1970 var gruppa registrert som Stord Sjøspeidargruppe, med 1. Leirvik tropp. [23] Denne perioden starta bra med mange medlemmer, men leiarsituasjonen vart vanskeleg.
Speidarlokalet var i det gamle Fengselet på Leirvik. Der vart det støypt nytt golv og innreia rom til både jentespeidarar og gutespeidarar. Tilhøva var likevel ikkje gode, det kom mellom anna vatn på golvet. Det var tidleg på 70-talet at A/S Stord Verft lot 1. Leirvik få overta Naustet i Naustvågen som speidarlokale og heimehamn for båtane i gruppa. [19] Naustet vart frå 1976 til 1978 påkosta straum og ny innreiing. [24]
I jubileumsåret 1973 talde troppen 55 speidarar og leiarar fordelt på fire patruljar og ein aspirantpatrulje. Hans Christian Junge tok over som gruppeleiar på slutten av året. Programmet for året var mangfaldig med storveges 60 års jubileumsfest, påskeleir og sommartokt.
Stord Sjøspeidargruppe hadde etter kvart ein god del båtar: Baljo, ein livbåt i tre med gaffelrigg, Storo, ein livbåt i glasfiber, Steady, ein seksæring med skandekk og gaffelrigg, fire segljoller type «Puffin» og ein kano. Seinare vart også Bragen kjøpt inn, ein kravellbygd trebåt med plastra dekk og kahytt. Den var bermudarigga med storsegl, fokk og klyver og var utstyrt med baugspryd. Hans Christian Junge fortel at båten vart funnen på Tysnes i dårleg stand og utan segl. Skipsreiar Waldemar Skogland i Haugesund hadde ått og brukt båten i sine velmaktsdagar som lystyacht. Etter mykje arbeid av sjøspeidargruppa vart båten ein fin turbåt for dei eldste speidarane i troppen. I 1974 vart det også kjøpt inn ein 23 fot motorbåt med ein 4-5 hk Sabb Diesel i. Denne vart kalla Festus. Utover på 70-talet endra båthaldet seg, og tidleg på 80-talet hadde gruppa berre to båtar att.
Frå 1975 til 1979 vart det mindre aktivitet i gruppa. Speidinga vart driven på patruljebasis med jamlege patruljemøte, men meir sporadiske gruppemøte.
1980–1989
Unge Johannes Sørheim Bøe korresponderte med kretsen og fekk sving på speidargruppa igjen. No er 1. Leirvik igjen ei «vanleg» speidargruppe, ikkje sjøspeidarar. På landsleiren i Åsnes stilte 1. Leirvik mannsterkt med 28 deltakarar.
Nils Himle kom frå Nesøya speidergruppe i Asker og sette sitt preg på 1. Leirvik som gruppeleiar i nokre år. I 1985 var han underleirsjef på landsleiren på Notodden, og ikkje lenger så aktiv i gruppa. Seinare flytta han til Bømlo og var lenge leiar i Finnås speidargruppe.
Hausten 1983 gjekk Helga Kroka og Edith Dahl Olsen i gang med småspeidararbeid. Dette var eit stort løft for gruppa og gav fort mange nye medlemmar. Småspeidarane starta tradisjonen med juleturar. Første juletur går til Lundarstølen. Etter kvart vart alle medlemmane i 1. Leirvik med. Dette har sidan vore ein ubroten tradisjon. Hausten sluttar alltid av med juletur første helga i desember.
1990–2000
Helga Kroka tok i 1990 over som gruppeleiar. Ho hadde vore med som småspeidarleiar sidan 1983. 1. Leirvik sleit no med dårleg økonomi og få leiarar. Foreldre og andre interesserte vart kalla inn til «redningsaksjon» for å få 1. Leirvik på fote igjen. Øystein Østensen er troppsleiar.
1992: Speideren nr. 3 1992 melder om 1. Leirviks deltakelse i Småspeideraksjonen 1992, fra artikkelsiden om Småspeideraksjonen resultater gruppevis 1992 NSF [25]
Småspeidararbeidet låg nede i 1992 og 1993, og medlemstalet var heilt nede i ni registrerte medlemmer ved utgangen av 1993. [26] Frå 1994 var småspeidarane i gang att. Medlemstalet låg stabilt rundt 20 dei neste ti åra.
Frå 1996 hadde både småspeidarane og speidarane møta sine på Naustet. Inntil då hadde småspeidarane vore på Leirvik skule.
Frå 2000
90-årsjubileet i 2003 vart feira i fleire dagar. Først med stor jubileumsfest i Odd Fellows festlokale og veka etter på Leirvik skule med familie og speidarvener.
1. Hystad vart lagd ned i 2004. Gruppa sitt utstyr og fem gjenverande, vaksne medlemmer vart då overført til 1. Leirvik.
2004 var eit godt vekstår. Medlemstalet dobla seg nesten. Då året var slutt, hadde 1. Leirvik om lag 40 aktive medlemmer. [27] I dei komande åra satsa gruppa særleg på å halda på ungdom i roveralder.
I 2005 vann Oterpatruljen kretskonkurransen og fekk reisa til NM i speiding for første gong for ein patrulje frå 1. Leirvik. Dei kvalifiserte seg òg til NM i 2006 og 2007. I 2007 fekk dei følgje av Falk. Vandrarpatruljen, som seinare kalla seg «Helga's Angels», reiste til NM i Bergen i 2009 og Tysvær i 2010. I Tysvær, då Ryvarden krets var med å arrangera NM, hadde 1. Leirvik ansvaret for den eine praktiske oppgåva. Ein stor gjeng roverar og leiarar frå gruppa stilte opp og hjalp med førebuing og gjennomføring av oppgåva.
Hausten 2011 fekk gruppa hytta Sævarbu på Stordfjellet. No starta òg eit større arbeid med å rusta opp Naustet, som trong både ny bordkledning, ny dør og reparasjon av lekkasjar.
1. Leirvik feira 100 år 15. februar 2013. Jubileet vart markert med 110 gjester i Turnhallen på Leirvik. Dagen etter inviterte speidargruppa til familiedag ute med speidaraktivitetar og matlaging på bål. Til jubileet vart det utgitt ei jubileumsbok: 1. Leirvik speidargruppe 100 års jubileum.
Stifinnarpatruljen «Lama» kom på fjerdeplass i kretskonkurransen 2013 og fekk reisa til NM i speiding i Røyken. Året etter reiste både Lama og Oter til NM i Malvik. I kvalifiserte begge patruljane seg igjen til NM i speiding. Resultatet vart det beste 1. Leirvik har oppnådd, med 6. plass til Oter og 58. plass til Lama.
Troppssang
Første Leirvik tropp, nå marsjerer opp,
full av liv og godt humør.
Ingen pessimist, kan oss gjøre trist,
troppen aldri dør!
Hei, bli med på ferden, åpen ligger hele verden,
syng og smil og le, så alle kan få se,
her er troppen vår!
Speidere ta i, troppen vår skal bli,
beste tropp i Norges land.
La oss sette til, vise at vi vil,
gjøre gutt til mann.
Hei, bli med på ferden, åpen ligger hele verden,
syng og smil og le, så alle kan få se,
her er troppen vår!
Leiarar
Årstall i parantes er tidligst og seneste årstall vi kjenne til vedkommende har hatt lederfunksjonen.
Troppsførare og troppsleiare gjennom tidene | Årstall / periode | Referanse |
---|---|---|
Ole Olsen | 1913 – 1915 | |
Fredrik W. Rieber-Mohn | 1915 – 1916 | |
Ole Olsen, skolebestyrer | 1916 – 1919 | [1][2] |
Sigmund Bårdsen | 1919 – 1920 | |
A. Hovind | 1920 – 1921 | |
Ole O. Vik | 1922 – ? | [28] |
Carsten Andresen, ingeniør | 1925 – 1941 | [3][4][5][6][29][30] |
Rolf Ellefsen | (1946) – 1948 | |
Finn Holm | 1948 – 1954 | |
Edvard Dahl | 1955 | |
Håkon Belsvik | 1955 – 1957 | |
Gunnar Sævig | 1958 – (1959) | |
Håkon Belsvik | (1962) – 1963 | |
Arne Aas Haugland | 1963 – 1965 | |
Åsmund Aanensen | 1965 – 1966 | |
Gunnar Sævig | 1966 – (1968) | |
Nils Magnus Himle | 1983 – 1985 | |
Bjørn Rune Monsrud | 1985 – ? | |
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [1] [8] |
Gruppeleiare gjennom tidene | Årstall / periode | Referanse |
---|---|---|
Rolf Ellefsen | (1951) | Gruppeleder men mulig troppsleder også. [21] |
Finn Holm | (1955) – 1958 | |
Gerhard Haugland | 1958 – ? | |
Arne van der Hagen | 1972 – 1976 | |
Hans Christian Junge | 1973 – 1979 | |
Johannes Sørheim Bøe | 1980 – (1982) | |
Torbjørn Arnevik | (1986) – 1989 | |
Helga Kroka | 1990 – (2013) | |
Har du flere opplysninger? Bidra selv, eller send oss en e-post [2] [8] |
Leiare med ukjent stilling og årstall:
Sommarleirer og turer
Medlemstall
- 1918 – 30 medlemmer og 4 patruljer. [1][2]
- 1922 – 22 medlemmer og 3 patruljer. [39][40]
- 1928 – 37 medlemmer fordelt på 2 ledere, 0 førstegradsspeidere, 14 andregradsspeidere, 21 tredjegradsspeidere og 0 rovere. [3][4]
- 1931 – 42 medlemmer fordelt på 1 leder, 0 førstegradsspeidere, 24 andregradsspeidere, 17 tredjegradsspeidere og 0 rovere. [5][6]
- 1935 – 38 medlemmer fordelt på 2 ledere, 0 førstegradsspeidere, 16 andregradsspeidere, 20 tredjegradsspeidere, rovere. [29][30]
- 1937 – 23 medlemmer fordelt på 2 ledere, 0 førstegradsspeidere, 12 andregradsspeidere, 9 tredjegradsspeidere, 0 rovere og 0 ulvunger. [41][42]
Gruppeavis og nettside
- Troppsavisa Speidergutten starta opp i 1914, mangfaldiggjort med hektograf.[44]
- Seinare vart Troppsavis for 1. Leirvik handskriven og oppbevart i protokollar.[45]
- Naust-Nytt kom ut frå 1967 til 1969, stensilert i fargar på spritduplikator. Redaktør: Trond Moe Bogsnes[46]
- Tikk-Takk kom ut i sjøspeidartida rundt 1973.
- Seinare eksisterte Naust-Nytt litt meir sporadisk, men det kom minst eitt nr. i 1983.
- Frå 2009 har 1. Leirvik hatt nettside.
Litteratur
- Jubileumsskrift 1913–1938
- Trond Moe Bogsnes: 1. Leirvik speidertropp 1913–1968
- 1. Leirvik speidertropp 1913-1973 [19]
- 1. Leirvik speidargruppe 100 års jubileum
Speiderhus, -hytter og møtesteder
- Dagens møte vert haldne på Naustet i Naustvågen, der tilhøva er gode for utespeiding.
- A/S Stord Verft lot 1. Leirvik få innreia eit naust i Naustvågen tidleg på 70-talet. På Naustet har 1. Leirvik framleis sine speidarmøte.
- Hausten 2011 fekk 1. Leirvik hytta Sævarbu på Stordafjellet.
I tidlegare tider
- Sommaren 1914 bygde troppen ei hytte ved Tveitavatnet, av materiale frå ein gammal tribune. Ikkje før var hytta reist, før ho måtte flyttast. Ho stod nemleg på feil eigedom, og grunneigaren var ikkje blid. Etter flyttinga vart hytta mykje brukt av troppen. Etter 1920 minka interessa, for hytta låg for nær Leirvik. Hytta ved Tveitavatnet vart seld til to eldre speidarar i 1925.
- Leirvik Brann- og Bygningskommune stilte ei reidskapsbu i Parken til disposisjon for 1. Leirvik frå 1925. Patruljane fekk innreia bua til eige bruk. Hytta i Parken vart nytta til langt inn på 1950-talet.
- Speidargruppa leigde hytta på Husøyo like utanfor Leirvik frå 1973 til litt utpå 80-talet. Denne hytta var sentral i sjøspeidararbeidet. Det var Stord kommune som eigde hytta.
Speiderhus, -hytter og -leirsteder
Utklipp og minner
1948: Lederen nr. 4 1948 melder om 1. Leirviks innmelding i Norsk Speidergutt-Forbund. Fra artikkelsiden om Meddelelser om nye tropper - Norsk Speidergutt-Forbund [20]
1949: Lederen nr. 2 1949 melder om 1. Leirviks oppstart av ulveflokk i Norsk Speidergutt-Forbund. Fra artikkelsiden om Meddelelser om nye tropper - Norsk Speidergutt-Forbund [47]
1968: Lederen nr. 3 1968 melder om 1. Leirviks oppstart av ulveflokk i Norsk Speidergutt-Forbund. Fra artikkelsiden om Meddelelser om nye tropper - Norsk Speidergutt-Forbund [49]
1973: Jubileumsartikkel signert Erling Jensen i anledning troppens sekstiårsjubileum.
Kilde: Haugesunds Avis, 14. februar 1973 [50]2023: Invitasjon til markeringen av 110 årsjubileet.
Ukens artikkel
1. Leirvik er presentert slik i ukens artikkel, uke 7, 2023 i Speiderhistorisk leksikon:
Uke 7, 2023
1. Leirvik feirer 110år!
Den 15. februar 1913 ble 1. Leirvik stiftet
Allerede i 1911 lot en gjeng gutter seg inspirere av boken Ørnepatruljen og startet speiderarbeid ledet av Ole Olsen. 15. februar 1913 melde Olsen inn 1ste Lervik trop inn i Norsk Speidergutt-Forbund og ble en del av Bergen krets, som ble stiftet året tidligere.
Gruppen har vært aktiv i alle disse 110 årene. 1. Leirvik sin side her på leksikonet er innholdsrik takket være bidrag fra gruppen.
Har du historier tilknyttet denne speiderguppen? Bidra du også! [4]
Les mer om 1. Leirvik
Vis · På forsiden fra 13. februar 2023 til 19. februar 2023
Mer om
|
Norges speiderforbund i Vestland fylke
Norges speiderforbund i tidl. Hordaland fylke
Norges speiderforbund
Norsk Speidergutt-Forbund i tidl. Hordaland fylke
Norsk Speidergutt-Forbund
Eksterne lenkjer
Referanser
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Speideren nr. 10 (desember) 1918, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Troppsoversikt 1918, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Speideren nr. 5 (mai) 1929, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ 4,0 4,1 4,2 Troppsoversikt 1928/1929, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Speideren nr. 4 (april) 1932, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Styrkeliste 1931/1932, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Her er det tatt utgangspunkt i dagens oppdeling av fylker og kommuner og lagt til evnt. tidl. benevnelser for disse. Hvis det ikke er opprettet en egen artikkelside for disse, vil denne bli søkbar og kategorisert etter dagens oppdeling.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 Merk! Dette er kun en utarbeidet oversikt over de opplysninger og artikler
som er lagt ut i Speiderhistorisk leksikon, her er det behov for lokal kunnskap! - ↑ Speideren nr 3 i 1913, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Eyvind Nitter i historikk til årsfesten 1926.
- ↑ Eyvind Nitter i historikk til årsfesten 1926.
- ↑ Eyvind Nitter i historikk til årsfesten 1926.
- ↑ Birger Heiberg Andersen i jubileumsskriftet 1913–1938.
- ↑ Jubileumsskriftet 1913–1938.
- ↑ Jubileumsskriftet 1913–1938.
- ↑ 16,0 16,1 Oversikt i leirheftet over påmeldte tropper til Landsleir Åndalsnes 1928, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Jubileumsskriftet 1913–1938.
- ↑ Speideren nr 4 i 1938, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 19,5 19,6 1. Leirvik speidertropp 1913-1973, utgitt i 1973 av 1. Leirvik, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ 20,0 20,1 Lederen nr. 4 i 1948, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ 21,0 21,1 Oversikt over Forbund-, krets- og grupper 1951, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Naust-nytt nr. 3/4 1969
- ↑ Registrering til forbundet 1972 eller 1973.
- ↑ Naust-Nytt 23. april 1983
- ↑ Speideren nr. 3 i 1992, Norges speiderforbund
- ↑ Skjema for medlemsregistrering 1993.
- ↑ Skjema for medlemsregistrering 2004.
- ↑ Speideren nr 8 i 1922, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ 29,0 29,1 Speideren nr. 5 (mai) 1936, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ 30,0 30,1 Styrkeliste 1935/1936, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Oversikt i leirheftet over påmeldte tropper til Landsleir Mandal 1932, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Oversikt i leirheftet over påmeldte tropper til Landsleir Jeløy 1936, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Oversikt i leirheftet over påmeldte tropper til Landsleir Mandal 1948, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Leirheftet fra Landsleir Voss 1956, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Leiravisen Spleisen, Landsleiren på Lillehammer i 1968, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Plakett på Naustet: «4. beste tropp Bømlo-leiren '75»
- ↑ Oppl. fra Forbundskontoret, NSF, 2018
- ↑ Opplysninger fra artikkelsiden Landsleir Agenda 2021, Norges speiderforbund
- ↑ Speideren nr. 7 (september) 1923, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Troppsoversikt 1922/1923, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Speideren nr. 5 (mai) 1938, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Styrkeliste 1937/1938, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Oppl. fra Forbundskontoret, NSF, januar 2019.
- ↑ Trond Moe Bogsnes: 1. Leirvik speidertropp 1913-1968
- ↑ Trond Moe Bogsnes: 1. Leirvik speidertropp 1913-1968
- ↑ Arkiv på Naustet.
- ↑ Lederen nr. 2 1949, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Speideren nr 1 i 1957, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Lederen nr. 3 i 1968, Norsk Speidergutt-Forbund
- ↑ Haugesunds Avis, 14. februar 1973
- Aktive grupper
- Grupper
- Aktive grupper i Norges speiderforbund
- Grupper i Norsk Speidergutt-Forbund
- Grupper i Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund)
- Grupper i Haugaland krets (Norsk Speidergutt-Forbund)
- Grupper i Norges speiderforbund
- Grupper i Ryvarden krets (NSF)
- Vestland
- Hordaland
- Sjøspeiding
- Stiftet i 1913