Digitalarkivet

Fra Speiderhistorisk leksikon
Hopp til:navigasjon, søk

Digitalarkivet.gif

Om Digitalarkivet I speiderhistoriesammenheng er spesielt folketellingen i Norge 1910/1911 interessant for å finne ut mer om de tidligste speiderledere. Digitalarkivet presenterer dokumenter fra arkivene i digital form. Du kan søke i databaser/tabeller, lese fulltekstavskrifter, bla i bilder og/eller lytte til digitalisert lyd.

Digitalarkivet er åpent for alle og gratis å ta i bruk. Link: [1]

Folketeljingar og manntal Folketeljingar Ei folketeljingane er ei liste over alle innbyggjarane i kommunen eller prestegjeldet på eit bestemt tidspunkt. Det er såleis berre dei personane som hadde tilhalda på den garden eller i det huset på dåverande tidspunkt, som skulle registrerast. Det finst to typar folketeljingar; dei nominative teljingane som gir oss slike detaljerte opplysningar, og dei numeriske teljingane som berre gir oss talet på innbyggjarar sorterte etter distrikt, alder, yrke eller anna. Denførste nominative landsomfemnande folketeljinga kom i 1801. Seinare har det vore landsomfattande nominative teljingar 1865, 1875, 1891, 1900 og seinare omlag kvart tiår fram til år 2000. Utanom desse finst det også nominative folketeljingar for einskild prestegjeld også andre år. Mellom anna finst det fleire teljingar frå 1780-talet frå delar av Austlandet. I perioden 1815-1855 er det registrert til saman 198 namnelister , av ulik kvalitet. Ei oversikt over dette folketeljingsmaterialet finst i Anna Tranberg: Folk og Fant, Norsk lokalhistorisk institutt 1986. Statistikkloven av 1907 sperra alle statlege folketeljingar for innsyn i 100 år, medan kommunale teljingar berre er klausulerte i 60 år. Digitalarkivet følgjer denne 100-årsgrensa både for statlege og kommunale teljingar.

Manntal I motsetning til folketeljingane, inneheld manntala berre opplysningar om den mannlege delen av folkesetnaden. Manntala hadde gjerne eit militært formål, då dei skulle registrere tenestedyktige menn for å sjå kva for eit oppbud ein kunne stilla i krigstilfelle. Skattemanntala, som listar alle skattepliktige anten det er kvinner eller menn, vert stundom også rekna blant manntala. Dersom me tar utgangspunkt i nemninga manntal, er dette sjølvmotseiande. Skattemanntala, som t.d. tomarkskatten frå 1519, koppskatten frå 1645 og ekstraskatten for perioden 1762-72, er difor plasserte under skattelister.