Johan Kristiansen

Fra Speiderhistorisk leksikon
Hopp til:navigasjon, søk
Johan Kristiansen
Personalia
Kristiansen, Johan - fra Firda folkeblad 19480812.jpg
Født: 9. november 1923
Død 8. juli 2004
Bosted: Førde
Speiderbakgrunn
Forbund: Norges speiderforbund og
Norsk Speidergutt-Forbund
Grupper: 1. Førde, 2. Tromøy og 1. Ytre Arna
Viktige verv: Tropps-, gruppe- og avdelingsleiar
Johan Kristiansen, (fødd 9. november 1923, død 8. juli 2004), var ein speidar og seinare speidarleiar frå Førde som hadde svært mykje å seie for 1. Førde gjennom mange år.
Les mer om speidingen i Arendal kommune Arendal kommunevåpen.png
Les mer om speidingen i Bergen kommune Bergen kommunevåpen.png
Les mer om speidingen i Førde kommune Førde kommunevåpen.png

Verv

Speidarbakgrunn

Johan Kristiansen vart teken opp som speidar i 1935, og var i den fyrste tida vanleg patruljemedlem. I 1938 omorganiserte han og broren, Arne Kristiansen, troppen, og fyrstnemnde vart patruljeførar for «Svale».

Då krigen kom i 1940, vart troppsarbeidet lagt ned, og året etter løyste tyskarane opp speidarrørsla i Noreg. To av patruljane i Førde heldt likevel fram arbeidet i det stille: «Hauk», med Leon Slåtten som patruljeførar, og «Svale», med Johan Kristiansen. Desse arbeidde heilt på eiga hand. Det var «Svale» som heldt ut lengst, fram til 1942, då Kristiansen reiste til Sandane på gymnaset.

Leiargjerning

I 1945 var krigen slutt, og Johan Kristiansen kom tilbake frå Sandane og vart troppsleiar. Då var det ein ny generasjon som vart inspirert av speidarideen i 1945, ved god overlevering frå den eldre generasjonen. Troppen arbeidde godt i desse åra, og alt vart atterreist og ført vidare. Likevel melde leiarspørsmålet seg etter ei tid, då Johan Kristiansen og Rolf Thingvold drog frå Førde for å gå på skule i 1948. Ingen kunne ta over, men Johan Kristiansen «fjernstyrde» troppen heilt til 1952. I tida 194850 dreiv han i sommarferiane og juleferiane. Frå 1950 skreiv han brev og informerte og inspirerte patruljane. Det var nok til å halde arbeidet i gang fram til 1952.

Samtidig, frå 1951, vart han troppsleiar for 2. Tromøy. På landsleiren i Verdal i 1952 hadde han med seg gutar frå både Førde og Tromøy. I 1955 vart han troppsleiar for 1. Ytre Arna, og dei tok han mellom anna med seg på tur til Førde i 1957.

I 1960 kom Johan Kristiansen igjen tilbake til Førde, og han vart igjen troppsleiar. Då hadde alt troppen vore oppe igjen nokre år. Dette vart innleiinga til ein ny periode i 1. Førde si historie, for det fyrste fordi troppen fekk ei stabil leiing. I 1965 feira gruppa 40-årsjubileum, og Kristiansen vart tildelt «Den hvite lilje» av generalsekretær Odd Hopp, som hadde kome frå Oslo i dette ærendet.

Johan Kristiansen leidde troppen fram til 1968, då troppen vart utvida til ei gruppe, og ein fekk flokk og roverlag i tillegg til tropp. Han vart då den fyrste gruppeleiaren. Dessutan vart han det same året avdelingsleiar i Fjordane avdeling av Bergen krets. I dette siste vervet sat han fram til 1978, då avdelinga vart oppløyst ved samanslåinga av forbunda, og som gruppeleiar sat han fram til 1984, då gutegruppa og jentegruppa slo seg saman i Førde. Etter dette trekte han seg ut av aktivt speidararbeid.

Personleg bakgrunn

Firda folkeblad melder 24. august 1950 at han er tilsatt som framhaldsskolelærer i Rasvåg ved Flekkefjord. 11. august 1951 gifter han seg med Liv Lassen, Hamar. I 1951 kom han som lærer til Sandnes skole på Tromøya ved Arendal. I lokalidretten ble han husket fordi han hadde kretsrekord på 400 meter i Sogn og Fjordane i 1947. Det fortelles at ungene på Sandnes skole gjorde store øyne når læreren demonstrerte hurtighet med piggsko og korte bukser. [4]

Han omtales som skulestyrar i Firda folkeblad 18. april 1963. I 1973 var han styrer ved Førde barneskule og overtar som styrar ved den nye Halbrend skule. [5]

Heidersteikn og utmerkingar

Utklipp og minner

Litteratur

  • Bydal, Helge; Indrebø, Oddvin og Øen, Albert: Speidargutane i Førde gjennom 50 år: 1925–1975 (Førde: Øens Prent, 1975).

Om Norges speiderforbund

Les mer om Norges speiderforbund NSF forbundsmerke 3 stoffmerke.jpg

Om Norsk Speidergutt-Forbund

Les mer om Norsk Speidergutt-Forbund NSF logo.jpg

Eksterne lenker

Referanser

  1. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund) sin årsberetning for 1968
  2. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund) sin årsberetning for 1969
  3. Bergen krets (Norsk Speidergutt-Forbund) sin årsberetning for 1970
  4. "Lokalidrett i 100 år. Idrettsforeningen Trauma - b2. 1946-1971"
  5. Firda folkeblad 15. november 1973